Korfor ikkje Venstre?

Okai. No er valet over, og resultata har synki skikkeleg inn. Eg er glad for fortsatt raudgrøn regjering, men misfornøgd med SV-resultatet, og over at høgresida styrka seg. Utan at noko av det er overraskande.

Det einaste som verkeleg overraska meg var at Venstre sank under sperregrensa – eg hadde trudd at dei skulle gjera det skikkeleg godt i år. Personleg trur eg det er berre godt for dei. Det ryr inn med nye medlemmer, dei får bytta ut ein upopulær leiar som har hindra mange i å stemme på dei, og dei får ein slags ny start. Så må eg jo innrømme at eg tidvis har sympati for Venstre, og at mange av sakene deira – som personvern og miljø – står meg nært. Venstre-folk hevdar at kampane mot datalagringsdirektivet og oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen, for å nemne to sentrale saker for tida, blir vanskelegare med dei under sperregrensa. Og det har dei nok rett i. Så eg er misfornøgd med den store nedgangen deira.

Men så kjem eg over på andre sider av Venstre sin politikk. Politikk kor dei er minst på nivå med Høgre og Framstegspartiet. Trua på at alle har det samme utgangspunktet, at alle startar likt. Den totalt manglande evna til å sjå at det er forskjell på folk, forskjell på kor enkelt vi har det økonomisk og sosialt. Følgjeleg så stør dei heilhjarta opp om retten til å rått og brutalt tene pengar på at folk skal gå på skole, brekk ein fot eller blir gamle ved å opne for alt som kan krype (og knapt det) av private skolar, private sjukehus og sjukeheimar. Følgjeleg òg for retten til at eg som har meir pengar enn deg skal kjøpe meg betre skolegang enn deg. Og flinkare legar. Og så vidare.

Samtidig vil dei fjerna formueskatten og arveavgifta. Igjen fordi dei har lulla seg inn i trua på at alle startar med like mykje pengar. Sorry, men verda er ikkje som Monopol

Denne naiviteten er grunnen til at eg held meg unna Venstre.

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *