Eg har dei siste åra vorte meir og meir positiv til nynorsk, og fleire gongar tenkt på å byta over til å skriva nynorsk konsekvent – i dag skriv eg nynorsk berre ein gong iblant, når eg får anden over meg. Men kvifor-ikkje?. Ja, rett og slett, kvifor ikkje? (Denne t-skjorta fekk eg forresten i posten i dag som vervepremie). Nynorsk er fint, og eg har berre godt av å skrive det til dagleg òg – ikkje berre ein sjeldan gong. Dessutan blir eg nok mykje flinkare jo meir eg skriv det – vonar eg.
Men eg er framleis ikkje heilt sikker. Skal eg byrja no, eller skal eg vente til eg er ferdig med eksamenane og heller få ein heilt ny start etter jul? Skal eg i det heile ta meg bryet? Vil det gå ut over karakterane mine? Vil det gjere alt mykje vanskelegare? I så fall kor lenge? Køyr debatt.
Kva seier dykk, kjære lesarar? Kom med innspel! (Overrask meg, Maren ;-))
Det får nesten bli ditt eget valg.
Personlig har jeg seriøse problemer med å ta nynorsk seriøst (jeg lo meg fillete bare av det lille innlegget her), men noen der ute synes sikkert at du er veldig poetisk/klok/original etc. hvis du spriter opp språket med litt “kjærleik” og “eg” og “menneska”.
Du kan få lov.
(Hvis ikke dèt var uventet fra min kant, så vet ikke jeg!)
Du kjem til å more deg over bloggen min framover, altså. Det er jo ikkje verst berre dét.
(Det var rimeleg uventa, ja.)
Eg konverterte til nynorsk på nett for omlag eit halvår sidan og har ikkje angra. Det fins sjølvsagt enkelte som ler, men dei sluttar kjapt å le av sjølve målforma. Det var jo det same då eg budde i Danmark, folk lo av at eg snakka norsk, og så lo dei av at eg snakka dårleg dansk. Men når ein blir kjent med folk, heng dei seg ikkje opp i slikt.
Nynorsk er eit uhemma bra målføre å vere smart, vittig og sexy på, og dessutan syns folk alltid du har nokre sjarmepoeng, sjølv når du er grusomt spydig.
Køyr på.
Kjempetøft! 😀
Eg gjorde det same for om låg tri år sidan, rett fyrr eksamen i sidemål (me hadde han til jol). Det var eigentleg ganske lurt. Eg fekk vita at karakteren i hovudmål og sidemål var like mykje verd. Dei vert lagt saman slik: hovudmål+sidemål og delt på tvo. Difor gjer det ingenting um du hev 2 i hovudmål og 6 i sidemål. Dessutan veit du noko eg ikkje visste; det gjeng faktisk an å byta. Med ein gong eg fekk vita desse tvo tingi i 3. klasse vidaregåande so byta eg.
Det var ganske moro, eg byrja skriva nynorsk yveralt – og det er flaut å skriva feil/dårleg, so difor nytta eg ordboki då eg var usikker (noko eg aldri hadde gjort fyrr) og lærte meg nynorsk gratis. Sidemålseksamen gjekk jo kjempelett (det var jo bokmål). Det som er meir interessant er at me hadde ei prøva i hovudmålet ein månad etter eg byta; då hadde eg gjenge frå 3 i nynorsk (sidemål) til 5 i nynorsk (hovudmål). Dette var sjølvsagt av di eg hadde:
1) fengje ei betre haldning til ordboki
2) lært mykje på å skriva oftare enn ein gong i månaden
3) vorte interessert i å skriva betre
Sjølvsagt moro at eg fekk betre karakter i bokmål òg sidan eg skreiv betre setningar.
I etterkant hev eg lært meg kva nynorsken eigentleg er (det lærer me ikkje på skulen eller i samfunnet, men må sjå på arbeidet til Aasen og ikkje minst tekstane han skreiv).
Fekk du vervepremie? Det hev eg aldri fengje 🙁 Men det heng vel saman med at eg syg i å verva.
Forresten må eg seia at du skriv skikkeleg bra nynorsk, du skulle sett min då eg starta! 😐 (faktisk gjeng det an, sidan 5 år+ gamle tekstar tekstar eg hev skrive ligg på netet)
Avil: Forresten er ikkje nynorsk noko målføre (dialekt). 🙂 Nokon kallar det målform (det gjorde staten fyrr), men eg kallar det språk (som staten òg kallar det no). Berre so det var sagt 😀
Ah, gjeng du på NTNU og dimed ikkje på VGS so hev det absolutt ingen ting å seia på karakterar med mindre du tek språkfag o.l.
Så kult at fleire tenkjer det same!
Avil: Vakkert. Rett og slett. Foreløpig har eg òg gjort nett det: konvertert på nett. Får sjå om det vert noko meir.
Odin: Kjempeflott. Eg skulle ynskje eg òg hadde konvertert då eg gjekk på vgs, men nei. Ikkje av di eg trur eg ville fått betre karakterar, men rett og slett for å lære nynorsk betre. Men uansett trur eg dømet ditt illustrerar eit godt poeng: ein vert betre i både bokmål og nynorsk av å velje nynorsk som hovudmål.
Eg har ordboka lett tilgjengeleg, og nyttar ho ofte når eg skriv. Det er ikkje til å kome bort ifrå at det er litt meir utfordrande å skrive nynorsk når ein har skrive bokmål i mange år, men etter kvart vert det berre lettare og lettare. Eg merkar no at eg ofte tenkjar på nynorsk når eg t.d. sit på MSN eller med ei matteoppgåve. Så får eg berre prøve å ta steget heilt ut snart!
Ja, NMU hadde vervepremie no i sumar, så eg verva fem kameratar og fekk denne kjempefine t-skjorta du ser over.
Og det vil nok ikkje ha noko å seie for karakterane isolert sett, nei. Eg studerar datateknikk, så me har ikkje så mykje språk, nei.
På nettstaden sin har NMU gode tips til korleis du gjer det enklast muleg å bytta målform. Så vidt eg hugser var det der eg las det i alle fall. Eg skriv nynorsk når eg føler for det og bokmål når eg føler på dét, nokre gongar tenkjer eg på nynorsk og nokre gongar på bokmål.
Det er ikkje så vanskeleg, eg har ikkje nynorsk som hovudmål, men lærer mykje av å bruka det på msn når eg gidd, notera på nynorsk i kladdebøkene mine på skolen osv.
Eg skal bytta ein gong, har berre ikkje gjort det enno, men foreløpig har eg praktisk talt to hovudmål og ingen sidemål. Vel, kanskje litt overvekt av bokmål, men det er jo kva eg gjer det til. Funkar det òg.
Nynorsk er vakkert – så spørsmålet står framleis like sterkt – kvifor ikkje?
Byt til nynorsk for all del!
Det vil nok ikkje påverke karakterane dine. Fordi sidemålskarakteren og hovudmålskarakteren tel like mykje.