Framover!

Vi er inne i den beste perioden for å sjå framover og skissere koss vi meiner landet skal styres framover. Valet er nettopp overstått, og mengda håplause debattar om regjeringskabal og anna tøv har byrja roa seg. Samtidig er fokuset på politikk framleis godt til stades hos uvant mange.

Kamikaze skildra for litt sia draumepartiet sitt, eg tek på ein måte opp tråden ved å rett og slett teikne opp “draumekursen” for regjeringa dei neste fire åra. Delt etter område. Eg liker KISS, så vi held oss til kulepunkt.

Arbeidsrettar

  1. Innføre rett til heiltid
  2. Reversera pensjonsreformen og la uførepensjonen vera i fred
  3. Innføre sekstimarsdag der det går
  4. Gjera heile fagforeiningskontingenta frådragsberettiga
  5. Lage ei eiga franchiselov
  6. Starte arbeidet med å lovfeste retten til lærlingeplass

Feminisme

  1. Likelønnspott
  2. Tredele fødselspermisjonen
  3. Innføre feministisk sjølvforsvar i skolen
  4. Satse meir på krisesentrentra for valdtekne
  5. Gjera alt som gjerast kan for å få dømt fleire valdtektsmenn
  6. Avskaffe kontantstøtta

Internasjonalt/forsvar

  1. Halda Noreg utanfor EU
  2. Utreie alternativ til EØS med formål å få Noreg ut fortast muleg
  3. Halda oss unna IMF og Verdsbanken såframt muleg. Gi lån til fattige land utan å stille krav om privatisering
  4. Trekkje Noreg ut av Afghanistan
  5. Jobbe for å få på beina ein nordisk forsvarsallianse
  6. Forkaste planane om å kjøpe JSF-fly, og heller kjøpe svenske JAS Gripen
  7. Starte ei omstrukturering av førstegongstenesta med formål å få på plass ein periode kor alle på eit eller anna vis gjer ein innsats for landet, sivilt eller militært
  8. Innføre statleg boikott av Israel, anerkjenne Palestina som fritt land.
  9. Innføre strenge sanksjonar mot selskap som handlar med varar frå det okkuperte Vest-Sahara, anerkjenne Vest-Sahara som eigen nasjon og leggje press på resten av verda for det samme

Skole

  1. Avskaffe rapporteringshelvetet i skolen, gi lærarane meir av tida si tilbake
  2. Få fleire yrkesgrupper inn i skolen, i samband med punkt 1
  3. Fortsette arbeidet for å rekruttera fleire lærarar
  4. Starte prosjektet “Få på plass eit skikkeleg alternativ til eksamen og karakterar”
  5. Skjerpe sidemålsundervisninga drastisk og gjera målfridomen reell
  6. Innføre gratis skolemat
  7. Innføre eit nytt system for yrkesfaga med mulegheit til tidlegare praksis
  8. Sprøyte inn mykje meir til kommunane for å betre økonomien
  9. Etablera maksimumstal for elevar per lærar
  10. Utreie koss vi kan overføre det beste frå dei private skolane vi har i dag til den offentlege skolen, med mål om å på litt sikt leggje ned dei private ved å gjera dei overflødige

Velferdsstaten

  1. Gjera tannhelse til ein del av kroppen – altså det vanlege helsesystemet
  2. Gjenreise den sosiale boligpolitikken
  3. Gjenreise Husbanken
  4. Byggje heftig mange nye studentboligar
  5. Auke studielånet og -stipendet
  6. Auke stipendandelet av studiestøtta
  7. Senke eigenandelane i helsevesenet
  8. Fortsette og ferdiggjera barnehagereformen, byrja SFO-reformen etter ~ samme modell
  9. Heva frikortgrensa ytterlegare

Miljø

  1. Halde Lofoten og Vesterålen oljefritt
  2. Elektrifisera all norsk olje- og gassverksemd
  3. Stoppe oljeplanane i Goliatfeltet
  4. Stoppe all tildeling av nye oljefelt
  5. Satse heftig på fornybar energi. Setje Aker Verdal til å byggje havvindmøller så fort og mykje dei berre kan
  6. Forby glødepærer
  7. Når elbilane er på plass (om eit par år): auka vrakpanten og gjer andre lure ting for å få flest muleg til å bytta fortest muleg
  8. Ruste opp kraftledningar og vannledningar rundt om i landet. Her går skummelt mykje energi tapt!
  9. Støtte heilhjarta opp under initiativet frå Natur og ungdom og Bondelaget om å finne balansen mellom rovdyr og beitedyr
  10. Oppretthalda eit levande landbruk, distrikta og kulturlandskapet

Eldreomsorg

  1. Først: sjå feminismedelen
  2. Auke grunnbemanninga
  3. Igjen: sprøyte pengar inn til kommunane

Demokrati

  1. Innføre deltakande budsjettering i stadig fleire kommunar, etter kvart alle
  2. Skjerpe kravet om tilsetterepresentasjon i styre
  3. Avskaffe monarkiet til fordel for ein Finlands-aktig republikk
  4. Skilje stat og kirke
  5. Prioritera å løyse fildelingsutfordringene

Og sjølvsagt eit klinkande klart nei til datalagringsdirektivet frå EU.

Derfor stemte eg SV… Er du einig, bør du melde deg inn i SV eller, om du er ung nok, SU.

Og ja, denne lista kunne/burde vori mykje lengre. Er det noko du saknar, er kommentarfeltet opent!

Author: Mads

Feminist, sosialist, målmann og stolt revolusjonær

2 thoughts on “Framover!”

  1. Hei Mads,

    Takk for link 🙂

    Vi er enige i veldig mye (og stemmer visst likt, også)! Men en ting jeg ikke forstår (har bodd i en boble de siste 10 åra) er sekstimersdagen. Hva er motivasjonen for å innføre den? Har ikke norske arbeidstakere veldig mye fri allerede?

    Først vil jeg forklare hvor jeg selv kommer fra. Det synes for meg som om arbeidsmarkedet er delt skarpt i to mellom dem som i realiteten dekkes av lover og regler om arbeidsmiljø, arbeidslengde osv, og dem som av diverse grunner blir tvunget til å stå utenfor. Grunnen til at den siste gruppen havner utenfor velferdsgodene kan være alt fra planer om å avansere i karrieren, kutyme på arbeidsplassen (eller i bransjen), eller måten karriereløpet er opplagt på. Eksempler jeg kommer på i farten er forsker (midlertidige stillinger og hard konkurranse om dem), jurist/konsulent (det er kutyme i bransjen å jobbe _mye_, du blir ikke lenge hos McKinsey hvis du vil gå hjem klokka to), omsorgsarbeidere (misbruk av deltidsstillinger), selvstendig næringsdrivende.

    Spørsmålene jeg stiller ved sekstimersdag er
    – Hvordan skal vi ha råd til det? Nå sitter vi midt i en resesjon, og vi kommer snart til å få økte økonomiske utfordringer på grunn av klimaendringer og økte strøm- og oljepriser.
    – Hvordan håndterer vi den voksende kløften mellom de som dekkes av slike velferdsgoder, og de som ikke gjør det? I bransjer som preges av at folk har et sterkt engasjement for jobben sin, enten det nå er faglig eller ambisjoner, kommer sekstimersdager ikke til å være et reelt alternativ.
    – Risikerer vi for eksempel at sekstimersdagen blir en kvinnefelle? At den blir en lønnsfelle?

    Dette er ikke noe jeg har satt meg grundig inn i, men hver gang jeg støter på sekstimersdagen tar jeg meg selv i å lure på når man skal få noe gjort da? Man får ikke doktorgrad gjennom å jobbe 30 timer om uka, for eksempel. I hvert fall ikke en like god som man får gjennom å jobbe 45. Som konkurrentene på arbeidsmarkedet gjør.

  2. Hei, Kaze, og takk for ein veldig god kommentar som eg kjem med eit altfor seint svar på, orsak for det.

    Innvendingane du kjem med er både gode og relevante, rett og slett. Vi kan ta det frå starten: motivasjonen for å innføre sekstimarsdagen er veksten i økonomien. Vi har ein stadig aukande vekst, som vi kan ta ut på to måtar: anten i pengar/materielle verdiar eller i tid. For dei aller fleste vil det vera meir fornuftig å ta ut aukinga i tid i staden for pengar. Ein har rekna ut at med sekstimarsdag vil vi fram til 2050 ha ei auke i realinntekta på 118%, mot 124% med.

    Ein annan grunn er at folk blir meir produktive og effektive, og sjukefråveret går ned. Blant anna hos Tine på Heimdal (i Trondheim) var dei så fornøgde med forsøket på sekstimarsdag at dei innførde det permanent.

    Du lurer på om den kan bli ei kvinnefelle. Eg trur ikkje det, like lite som åttetimarsdagen vart det. Men det er eit aspekt ein sjølvsagt må ta med seg. Dette er eg likevel avslappa til – sekstimarsdag har først og fremst vori eit feministisk krav fram til no. Så er det sjølvsagt viktig at det blir sekstimars normalarbeidsdag både i teori og praksis. Reglane for overtid, lønnskompensasjon og liknande må sjølvsagt tilpassas.

    Koss vi skal hanskas med kløfta mellom, som du skriv, “de som dekkes av slike velferdsgoder, og de som ikke gjør det”, er eit godt spørsmål med eit samansett og mangfoldig svar, som både sett søkelyset på problem vi allereie har og potensielle problem som kan oppstå. Likeløn, rett til heiltid, fødselspermisjonsdeling, bort med kontantstøtta, rett til overtidsbetaling om ein jobbar meir enn det som står i kontrakten, styrka fagforeininger, sterk/styrka arbeidsmiljølov, skikkelege arbeidsforhald for sjølvstendig næringsdrivande (blant anna med tanke på pensjon, rett til statleg sponsa rekneskapsføring) – kort sagt ei generell styrking av velferdsstaten. Det fins sikkert mange fleire gode tiltak som kan verke enn dei eg har nemnt, det er berre å fylle på.

    Så er det sjølvsagt – som du er veldig inne på – store utfordringar òg med sekstimarsdagen, som ein ikkje skal kimse av. Det trur eg nødvendigvis det vil vera med så store (velferds)reformar, men eg er altså overtydd om at dei går an å løyse 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *