Politisk korrekt
Smak på uttrykket. Politisk korrekt. Eller berre PK, blant motstandarar.
Politisk ukorrekt
Så på denne.
Politisk korrekt, politisk ukorrekt. Sjeldan har eg blitt så oppgitt av to enkle ord. Det er visst ikkje noko særleg å vere politisk korrekt, men er du politisk ukorrekt, då er du sterk og står opp mot det etablerte, der dei politisk korrekte visst berre er svake og seier ting berre for å passe inn – ryggslikking, som det elles kallast. Ofte er det me sosialistar som “er så utruleg PK”.
Men kva er det så som er politisk ukorrekt? Døma som vert framheld mest, er ofte rasistiske, sterkt imot innvandring, seier at til dømes somaliarar er dummare enn andre, og at det slett ikkje er nokon klimakrise, at det tvert imot er noko “PK-arane” har funne på. Det politisk ukorrekte er å, tross alle fakta, å hevde at den globale oppvarminga berre er naturleg, og å halde fram med at det ikkje skjer tortur i Guantanamo Bay. Eller at Israel ikkje har noko skyld for situasjonen i Palestina.
Og er det så noko å skryte av at ein er rasistisk, nasjonalistisk, generaliserande og med store skylappar? Eg synest ikkje…
Er det ikke egentlig blitt politisk ukorrekt å være politisk korrekt? Jeg har lurt litt på hvorfor det uttrykket ikke endrer innhold i takt med at det politiske klimaet endrer seg…
Jo, det verker jo sånn. Men då er det ikkje politisk ukorrekt på den rette måten, må vite…
Det er minst like ille å være politisk ukorrekt som være politisk korrekt.
Men det handler jo ikke om hva man mener, men om hva man generelt er. I hvor stor grad man tør å tenke annerledes, tør å tenke selv. De helt “politisk ukorrekte” er vel som regel bare nok en flokk som stimer i hop rundt en felles oppfatning av ting. Det handler om fleksibilitet, se ting som de er.