Nynorsk eller ei?
Eg har dei siste åra vorte meir og meir positiv til nynorsk, og fleire gongar tenkt på å byta over til å skriva nynorsk konsekvent - i dag skriv eg nynorsk berre ein gong iblant, når eg får anden over meg. Men kvifor-ikkje?. Ja, rett og slett, kvifor ikkje? (Denne t-skjorta fekk eg forresten i posten i dag som vervepremie). Nynorsk er fint, og eg har berre godt av å skrive det til dagleg òg - ikkje berre ein sjeldan gong. Dessutan blir eg nok mykje flinkare jo meir eg skriv det - vonar eg.
Men eg er framleis ikkje heilt sikker. Skal eg byrja no, eller skal eg vente til eg er ferdig med eksamenane og heller få ein heilt ny start etter jul? Skal eg i det heile ta meg bryet? Vil det gå ut over karakterane mine? Vil det gjere alt mykje vanskelegare? I så fall kor lenge? Køyr debatt.
Kva seier dykk, kjære lesarar? Kom med innspel! (Overrask meg, Maren ;-))