Telefon + buss = NEI!
Nov 23, 2007
Det er ganske mykje som irriterar meg i kvardagen, i større eller mindre grad. Og eg trur eg har funne det som irriterar meg mest:
Folk som snakkar i telefonen på buss.
Eg ser meg rett og slett nødt til å lage ei liste over kvifor.
- Det er totalt uinteressant for alle andre på bussen, som ufrivillig må høyre på
- Det er å prakke privatlivet sitt på andre
- Det er respektlaust overfor den du snakkar med (sjå puntk to)
- Du snakkar etter alt å dømme HØGT
- Du held folk vakne (gjeld særleg nattbuss, sjølvsagt)
Og om du så må ta ein telefon: fatt deg i korthet. Av omhug for dine medpassasjerar.
Til slutt ein del sjølvsagte ting:
- Ha pengane klare før du går på bussen. (Skaff deg månadskort eller klippekort
- Ikkje le særs høgt og irriterande, vær så snill
- Nyttar du Portapro: hugs at dei eigentleg berre er høgtalarar som du sett på hovudet
- Er det ledig lengre bak i bussen: GÅ DIT, og sett deg ned! Ikkje stå og blokkér midtgangen langt framme
- Skal masse folk av ein stad, og du skal vidare, men står rett foran døra: Prøv å kome deg vekk derifrå fortast mogleg.
- Ikkje blokkér setet ved sida av deg med t.d. sekken din. Resten av oss vil òg sitje.
(Ja, eg er inspirert av hvahunsa)