Dei ukjente versa
Nordmannen (kanskje betre kjent for mange, meg sjølv inkludert, som Mellom bakkar og berg) er eit finfint dikt av Ivar Aasen, og eg skulle gjerne sett at den hadde vori landets nasjonalsong.
For ein overtyda målmann som meg, er det dessutan ei språkleg njuting i tillegg til å vera tekstmessig og melodiøst flott. Derimot er dei beste versa av songen desse, som sjeldan vert nemnde, og dessutan ikkje er del av Aasens offisielle utgåve. NMU og NU nyttar dei framleis, kred til dei (oss, kan eg jo seie).
Her er dei. Les og njut.
Sud om havet han stundom laut skrida, der var rikdom på benkjer og bord. Men kringum såg han trældomen kvida, og so vende han atter mot nord.
Lat no andre om storleiken kivast lat deim bragla med rikdom og høgd Millom kaksar eg litet kann trivast Millom jamningar helst er eg nøgd
Lat deim hava den æra dei kunna og sin rikdom og styrkje dertil når då berre dei meg villa unna og få rå om min arv som eg vil.