Buss og sanntidssystem
Sanntidssystem for bussane i Trondheim er på veg til å innføres, og vi trikketakarar er godt vant med dette allereie - at det på haldeplassane oppdateres kor lengje det er til neste trikk kjem. Nokre busshaldeplassar har no fått sanntidsskjermar som viser når dei n (ca fire, trur eg) neste bussane kjem, og i løpet av januar blir denne informasjonen vist på skjermen og i BussTUC (systemet som lar deg sjekke via sms eller nett koss du kjem deg frå A til B i Trondheim).
I Oslo har Trafikanten hatt eit tilsvarande system ei god stund, og dei har vald å legge ut all informasjonen fritt til folket. Dermed har ivrige programmerarar fått gode mulegheitar til å lage program basert på desse dataa. Til motsetjing har Gråkallbanen - trikken her i byen - ikkje gjort det muleg for oss å bruke Internett på noko som helst vis for å finne ut om trikken er i rute eller ikkje, det einaste ein har der er rutetabellar i PDF-format. Når informasjonen alt fins og sendes til haldeplassane, hadde det vori kult å bruke dataa vidare - eg har sjølv eit par idear...
På den andre sida har du òg AtB, som er ansvarleg for busstilbudet her i området. Ovanfornemnte BussTUC er eit flott system som er tilgjengeleg via nettsidene deira, og dette kan ein som programmerar lage nye program basert på - det fins for eksempel mange Android-program som forteljar deg koss du raskast kjem deg dit du skal i Trondheim by. Alle desse bruker BussTUC, og dei brukes av iallfall ein god del hundre. (Eg har sjølv nettopp inkludert BussTUC i eit programmeringsprosjekt eg held på med, det er ikkje trivielt eller enkelt, men med ein liten tjuvtitt på koss andre folk gjer det, er det ganske greitt).
Og nettopp BussTUC gir meg trua på at AtB kjem til å vera smarte, snille og kule, og sleppe iallfall såpass mykje frå sanntidssystema sine at det blir muleg - kanskje med litt kreativ programmering... - å bruke det.