Java på Fedora
Dec 3, 2007
Eg har den seinaste veka nytta Fedora som operativsystem, og er særs godt nøgd med det. Det har eg vore fram til no, bortsett frå ein viktig ting: mangelen på Java. Java treng ein mellom anna til å nytte nettbank og sånt. Eg har prøvd fleire guidar, men ingen av dei har hjulpe noko særleg.
Men no for ein halvtime sidan fann eg denne: http://fedorasolved.org/browser-solutions/java-i386. Og vips, så funkar det. Hurra.
No slit eg berre med eit lite problem med "daude tastar" - `^´ osv. Det er ikkje noko stort problem, berre litt irriterande. Skal sjå om eg ikkje får fiksa det og - men det vert seinare.
Hurra for fungerande Java, altså.