Makslønn?
Raudt frontar i desse dagar eit krav om makslønn, altså at ingen treng å tene meir enn 1,5 million kronar på eit år. Argumentasjonen er enkel og lett å vera med på: tener du fem gongar så mykje som ein hjelpepleiar, eller meir enn tre gongar så mykje som meg, så treng du faktisk ikkje meir. Da har du så du klarer deg, mykje meir og jaggu mykje meir enn det igjen òg.
Fascinerande nok får dei støtte frå superkapitalistane. Olav Thon (med støtte frå Kåre Willoch), og Warren Buffet har gått inn for 90% skatt for rikfolk.
Og, ærleg talt, jeg kan'ke fatte og begripe hva folk skal med så mye spenn. The spirit level har lært oss at økonomisk ulikskap i seg sjølv er skadeleg for samfunnet, og samtidig er det sunt bondevett at ei krone berre kan brukes éin gong. Det er så mange ting ein kan bruke dei ekstra kronene på enn å gi folk enda meir lønn. Forskjellen på å tene 1,5 og 2 mill er så useriøst mykje mindre enn forskjellen på å tene 300 og 800 000, f.eks. Eller ein kan bruke den halve millionen på å fikse ein veg eller legge nokre meter jernbane. Du kan vel sjølv heilt fint klare å finne masse nyttige ting ein kan bruke pengar på, eg vil gå ut frå at "gi meir pengar til rikfolk" kjem langt ned på di liste òg.
Men lell er eg litt skeptisk til konseptet makslønn, rett og slett fordi det går an å omgå. Bedriftseigarar kan ta ut utbytte, trikse, trylle og snike unna pengar på anna vis. Men "det er ikkje perfekt" er jo ikkje eit godt nok argument i seg sjølv til å vera mot noko, sjølvsagt. Lell er det verdt å ha i bakhovudet at ein parallelt må satse på å stoppe tyveriet rikfolka gjer frå statskassa ved å snike pengar unna frå statskassa til ymse skatteparadis.
Samtidig må vi vera klare over at dette er det vi datanerdar ville kalt ein hack, altså ei enkel løysing for å midlertidig løyse eit problem som ein burde løyse på ein grundigare, meir langsiktig og betre måte. For det grunnleggjande problemet her er jo at nokre folk eig andre folk sin arbeidsplass, det er maktforhalda som gjer at nokre eig og andre jobbar. Det er jo dét vi må gjera noko med for å løyse problemet skikkeleg.
Men kanskje er ei makslønn ein god fiks så lenge?