VG har i dag eit tosiders intervju med Siv Jensen, som lirar av seg mykje rart og i grunn skyt meir bom enn sjølv det ho vanlegvis gjer.

Hovudbodskapen hennar handlar om lege Mads Gilbert, som saman med Erik Fosse har vori på Palestina og jobba og gjort ein kjempejobb på eit sjukehus i Gaza. Overskrifta i saka er "- Mads Gilbert støtter terror", og det verker som om ho i hovudsak byggjer denne argumentasjonen på utsegner Gilbert hadde etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001.

Ja vel. Støtte til terrorangrep, angrep på uskuldige sivile er det jo all grunn til å vera skeptisk til, og vanskeleg å støtte. Derimot refererar VG etter dette kva som faktisk sto i den aktuelle Dagblad-artikkelen:

- Angrepet på New York kom ikke overraskende, etter den politikk Vesten har ført de siste tiårene. Jeg er opprørt over terrorangrepet, men jeg er minst like opprørt over de lidelsene som USA har skapt. Det er i en slik sammenheng 5000 døde mennesker må sees. Hvis USAs regjering har en legitim rett til å bombe og drepe sivile i Irak, har også de undertrykte en moralsk rett til å angripe USA med de våpen de måtte skape. Døde sivile er det samme enten det er amerikanere, palestinere eller irakere, sier overlege og professor Mads Gilbert.

- Støtter du et terrorangrep på USA?

Altså: for den som synest - Terror er et dårlig våpen, men svaret er ja, innenfor den konteksten jeg har nevnt, sier Gilbert.

Men vent no litt. Kva er det eigentleg Gilbert seier her? Eg kan gjenta det han seier: Hvis USAs regjering har en legitim rett til å bombe og drepe sivile i Irak, har også de undertrykte en moralsk rett til å angripe USA med de våpen de måtte skape. Døde sivile er det samme enten det er amerikanere, palestinere eller irakere.

Kva tydar så dette? Jo, han seier at alle sivile liv er like mykje verdt, og at viss amerikanarane har rett til å drepe sivile irakarar, har òg irakarar (og andre) lov til å drepe sivile amerikanarar.

Er dette å støtte terror?

Forresten er det særs fascinerande at ho går til angrep på Gilbert for at hans skildringar er dei einaste som kjem ut frå Gaza. Det kan då verkeleg ikkje vera Gilbert sin feil at Israel nektar å sleppe inn internasjonale journalistar til Gaza. Som Norsk Journalistlag skriv: "Norsk Journalistag krever at Israel straks åpner for at utenlandske journalister får reise til Gaza for å drive fri journalistikk". Legg skulda der ho høyrer heime!

Apropos journalistar, at Jensen utan vidare får seie at Gilbert støttar Hamas, er svak journalistikk. Her ville ein kritisk journalist ha spurt kva slags grunnlag ho har for å seie dette - på den annen side klarar journalisten å skrive "[...] gikk Mads Gilbert i Dagbladet med klar støtte til tidenes mest kjente terrorangrep"...