SV sine seire i regjering
Mar 7, 2008
Ja, rett og slett, eg tenkte det var på tide å prøve å sy saman ei oversikt over kva for bra ting SV har fått gjennom etter to år i regjering. Partiet ga til landsmøtet i fjor ut heftet "500 seire på 500 dager" (som eg har liggjande her ein eller annan plass). Men det har jo skjedd ein god del det siste året òg, pluss at ikkje alt i det heftet er like store sigrar. Så eg lagar like godt mi eiga oversikt, eg.
- SV fekk Noreg ut av Irak (og var forresten òg dei einaste på Tinget som var mot krigen i utgangspunktet)
- Fått gjennom at all informasjon på statlige nettsidar skal vere tilgjengeleg i opne format: ODF, PDF eller HTML. (Les meir hjå Martin Bekkelund)
- Redda heimfallsretten (sjølv om Sp prøvar å ta på seg heile æra, sjølvsagt).
- Stoppa privatskular!
- Fått gjennom gratis læremiddel (skulebøker, men òg naudsynt utstyr) for videregåande, noko AUF har lova kvart år sidan 1991...
- Auka skattefrikortgrensa frå 30 til 40 000.
- Redusert barnehagemaksprisen med 500 kronar per månad
- Byggjar fleire barnehagar enn nokon gong, og no nærmar det seg full dekning
- Gitt kommunane 19 milliardar meir (per 2007)
- Gitt mykje meir til jernbanen
- Fått verna store delar av Trillemarka
- Auka bistanden til 0,98% av BNP
- Innføyrd etiske retningslinjar i Oljefondet
- Fått verna massevis av område og oppretta fleire nye nasjonalparkar (for detaljar, sjå 500 seire-heftet)
- Stoppa privatiseringa av velferdsstaten
- Gjort andre fremmedspråk på ungdomsskulen frivillig, i strid med Bondevik-gjengens ynskje om å gjere det obligatorisk. Særs flott for alle dei som er drittlei teori og ting dei "aldri vil få bruk for".
- Auka permisjons-fedrekvota med ei uke (så får vi håpe det skjer enda meir med den saka no framover)
- Fått byggja over 600 studentboligar både i 2006 og 2008, og 414 i 2007. I 2005 under Kristin Clemet vart det byggja 314.
- Starta prisjusteringa av stipend og studielån igjen, noko Clemet "gløymde". Særs fint for oss studentar, skjønt det framleis bør økast mykje.
- Halvert passgebyret (ingen stor sak, men kjekt likevel).
- Senka eigenandelstak frå 3500 til 2500 kroner.
- Kutta i kontanstøtta (som kanskje forsvinn heilt no, hurra)
- Som eit av dei fyrste landa i verda anerkjent den lovleg valte palestinske regjeringa
- Auka antalet kvoteflytkningar frå 1000 til 1500
- Fått Gahr Støre til å markere sterk norsk motstand mot rakettskjold i NATO
- Sletta mykje gamal gjeld som held u-landa nede
- Innført minst 24 timers akseptfrist på bud på bolig, for å hindre dei sjukt korte fristane ein har sett ved ein del høve
- Gjeninnført differensiert arbeidsgivaravgift
- Støtta opp under etableringa av Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare
- Innført krav om 40% kvinneandel i ASA-styrer
- Kriminalisering av horekundar er på veg
- Stansa Bondevik-regjeringa sitt hårreisande forslag til ny arbeidsmiljølov
- Trass alt begrensa Noreg sitt engasjement i krigen i Afghanistan
- Snart oppheva mykje av den offentlege diskrimineringa av lesbiske og homofile
- Sprøyta inn pengar for å redde regnskogen
Det er meir òg, eg veit det er meir, men dette burde vere ei duganes grei oppsummering. Om eg har gløymt noko, og det har eg nok, er det berre å seie ifrå.