Kjære, kjære forlagsbransje

Eg har nettopp hatt gleda av å lesa Hans Olav Lahlum si første krimbok, Menneskefluene, på lesebrettet mitt. La gå, det å få ei norsk e-bok over på ein Kindle, som er lesebrettet eg og mange andre nordmenn har, er litt kronglete, men no når eg veit koss eg skal gjera det, tar det meg ikkje meir enn eit par minutt frå eg finn boka i nettbokhandelen til ho er klar på lesebrettet mitt...

3 minute(s) read

Makslønn?

Raudt frontar i desse dagar eit krav om makslønn, altså at ingen treng å tene meir enn 1,5 million kronar på eit år. Argumentasjonen er enkel og lett å vera med på: tener du fem gongar så mykje som ein hjelpepleiar, eller meir enn tre gongar så mykje som meg, så treng du faktisk ikkje meir. Da har du så du klarer deg, mykje meir og jaggu mykje meir enn det igjen òg. Fascinerande nok...

3 minute(s) read

Venstre og Frp - ja, og?

Venstre og Framstegspartiet. For mange ein rar, vanskeleg og ekkel koalisjon, men er det eigentleg så uventa? Det har lenge vori den lette måten for særleg folk i Ap og dessverre også nokre i SV å ta Venstre på, at ei stemme på Venstre i praksis vil vera ei stemme på Frp. Det kan fort vise seg å stemme, det: ei stemme til Venstre vil gjera meir for å sette Frp i maktposisjon enn ei stemme...

4 minute(s) read

Aldri har eg vori så stolt av å vera SV-medlem

Eg har brukt helga på SVs landsmøte, og fått oppleve store endringar i partiet mitt. Sosialistisk Venstreparti har sia lenge før eg vart politisk aktiv vori leia av Kristin Halvorsen. I 1997, da ho vart vald, var eg ni år gamal. Eg hugsar ikkje eit SV utan Kristin som leiar, det er det få i min generasjon som gjer. I går klappa vi av ho som SV-leiar - ho fekk st...

3 minute(s) read

Feministisk sjølvforsvar, Jenteforsvaret og ræl

Iblant er det veldig roleg å vera SU-tillitsvald. Iblant er det kjipt, iblant er det frustrerande. Frustrerande fordi våre eigne gjer kjipe vedtak, frustrerande fordi høgresida er teite, frustrerande fordi utviklinga i samfunnet ikkje går den vegen vi vil. Og frustrerande fordi vatnglaset ikkje treng meir enn flau bris for at mediekøyret skal sette i gang. 154 000 er mykje pengar. For det kan ein arrangere sjølvforsvarskurs for mange hundre...

7 minute(s) read

Fridom til for dei få eller fridom frå for dei mange?

Fridom til for dei få eller fridom frå for dei mange? Det er eit kjernespørsmål i politikken, eit ideologisk grunnleggjande spørsmål som ligg til grunn for mange av dei store politiske forskjellane vi ser mellom høgre- og venstresida. For det er ikkje til å legge skjul på at det er ein bakside av dei fleste medaljane, og at politikk handlar om prioriteringar der det gjeld å velje kva som er det viktigaste...

3 minute(s) read

Gut og feminist

Ein del av løysinga eller ein minst muleg del av problemet? Det er eit spørsmål eg har stilt meg sjølv ein del gongar, og som sikkert mange andre feministar (av begge kjønn) nok òg har lurt på og tenkt rundt. Spørsmålet blir meiningslaust om ein ikkje først har den feministiske analysen på plass. Begge kjønn taper på dagens mannsdominerte, mannsstyrte samfunn - patriarkatet. Vi gutar/mannfolk taper...

4 minute(s) read

Meg og målet

Hei, eg heitar Mads og er nynorskbrukar. Det hadde vel kanskje den ikkje altfor uoppmerksomme lesar fått med seg frå før. Akkurat som den som har følgd meg eller bloggen min lengje vil hugse at eg lengje skreiv på bokmål. Det er dermed på høg tid med litt forklaring og utdjuping rundt mitt forhald til språket, målet og alt som høyrar med. Eg har vaksi opp som...

10 minute(s) read

Noreg, NATO, Libya og imperialisme

Sentralstyret i Sosialistisk Ungdom vedtok førre måndag ei fråsegn om Libya som er meir treffsikker og sann enn det meste anna eg har sett om bombinga og kva i all verda som er det lure å gjera mot gærne diktatorar som Muammar al-Qadhafi. Dessverre fekk dei heilt rett når dei åtvara mot "en militær operasjon som har som målsetning å fjerne Gaddafi-diktaturet gjennom utenlandsk våpenkraft.&quot...

2 minute(s) read

Egypt, Tunisia, no?

Eg vil til Egypt. No. Fortare enn svint. Eller til Tunisia, det ville vori omtrent like kult. Å vera med på eit opprør, ein revolusjon av typen som sprer seg i Nord-Afrika no må rett og slett vera stort. Tipsa for å henge med er Al Jazeera (den kanalen der er alvorleg god) og Twitter.

1 minute(s) read

Spar oss for skitkastinga

Eg tenkte eg skulle forbigå Civita sitt nye skitkastingsprosjekt i stille. No klarer eg det ikkje meir. Så klart vil Civita kople alle som trur på sosialistisk folkestyre med Stalin, Pol Pot og folkemord. Så klart vil dei nytte eitkvart høve til å hevde at sosialisme naudsynleg er despotisk, så klart vil dei ha det til at alle som har vori på vitjing i Romania før 89 heilhjarta støtte Ceausescisk diktatur og s...

3 minute(s) read

Berre sine lenker å miste

Marx sa i si tid om arbeidarklassen at han "har berre sine lenker å miste", og på 1800-talet var det sant stort sett verda rundt, frå fabrikkane i Tyskland og England til kinesiske rismarker. Så har da òg arbeidarane knust mange av desse lenkene i tida som har gått sia da, og godt er det. Dagens norske arbeidsfolk har mykje meir å miste enn som så... Det samme slagordet kan ein godt bruke...

2 minute(s) read

Nu har jag fått nog av detta satans kvinnoförakt

Eg tenkte eigentleg å skrive eit innlegg om feminisme no. Men så kom eg på den gamle Hoola Bandoola Band-klassikaren Kvinnoförakt, og vi får heller byrja der: Min tjej kom hem från jobbet och var deppig en dag Hon svor och fräste, hon var inte glad Så jag sa: "Älskling, och älskling hur är det fatt?" Hon sa: "Nu har jag fått nog av detta satans kvinnof...

2 minute(s) read

Kor langt kan ein eigentleg komme med idioti?

Politikk er eit vanskeleg spel. Ofte kjem det utspel som er særs kjipe, dårlege, direkte idiotiske, paranoide eller politisk dårlege forslag av andre grunnar, la oss i denne samanhengen nøye oss med å nemne datalagringsdirektivet og "la oss organisere sjukehusa som verksemder" som eksempel. Det er så. Usemje er jo grunnlaget for moderne politikk, og ein kan jo tru på forskjellige måtar å komme fram til eit betre samfunn p...

4 minute(s) read

SF står for demokratisk sosialisme. Samtidig er det et revolusjonært parti

SF står for demokratisk sosialisme. Samtidig er det et revolusjonært parti. Det ligger ingen motsetning i dette. SF er et revolusjonært parti fordi det, i motsetning til Arbeiderpartiet, vil skape et a n n e t samfunn og en a n n e n samfunnsform, hvor menneskene er produksjonens herrer og ikke dens tjenere Vi vil både revolusjonere og demokratisere. Vår revolusjon er overbevisningens revolusjon, ikke bajonettenes, til voldelige overgrep...

2 minute(s) read

Buss og sanntidssystem

Sanntidssystem for bussane i Trondheim er på veg til å innføres, og vi trikketakarar er godt vant med dette allereie - at det på haldeplassane oppdateres kor lengje det er til neste trikk kjem. Nokre busshaldeplassar har no fått sanntidsskjermar som viser når dei n (ca fire, trur eg) neste bussane kjem, og i løpet av januar blir denne informasjonen vist på skjermen og i BussTUC (systemet som lar deg sjekke via sms...

2 minute(s) read

Dette bør du kunne som datanerd

Åtvaring: dette innlegget har høg nerdefaktor. Denne bloggen målbærer kanskje ein del nerdepreg allereie, og med dette innlegget trur eg det går mot nye høgder. Det er nemleg ein del ting ein bør ha kunnskap om som skikkeleg datanerd - andre typar nerdar kan sleppe unna utan kunnskapar på dette nivået. Litt i seg sjølv fordi det er nerdete, men mest fordi det, etter ein ofte lang l...

5 minute(s) read

Snakk norsk, ikkje norsklish.

Eg er glad i det norske språket. Eg synes det norske språket har mange gode sider, mange fine ord vi bør ta godt vare på og ein verdi i seg sjølv. Det kjem eit laangt innlegg om mitt forhald til språket om ikkje så altfor lengje - håper eg. Før den tid er det eitt tema eg vil ta særskilt opp: det engelske inntoget i det norske spr...

2 minute(s) read

Men kring um saag han Trældomen kvida, og so vende han atter mot nord.

Millom Bakkar og Berg ut med Havet heve Nordmannen fenget sin Heim, der han sjølv heve Tufterna gravet og sett sjølv sine Hus uppaa deim. Han saag ut på dei steinutte Strender; det var ingen, som der hadde bygt. «Lat oss rydja og byggja oss Grender, og so eiga me Rudningen trygt.» Og han vandest til Vaagnad og Møda, der han laut vera herdig og sterk; og han høyrer med Hugnad...

2 minute(s) read

Å setje opp ein server heime - sånn gjer du det

Eg har lengje hatt ein "ekstra" pc ståande som eg ikkje har brukt til noko særleg, han har i grunn berre tatt opp plass. No har eg omsider fått somla meg til å gjera noko med han, og gjort han om til ein server for husstanda. Sia vi no er fire kompisar som bur saman, tenkte vi (ja, vi) at det kan vera snedig om vi samlar alle filmane, musikken, tv...

4 minute(s) read

Framover!

Vi er inne i den beste perioden for å sjå framover og skissere koss vi meiner landet skal styres framover. Valet er nettopp overstått, og mengda håplause debattar om regjeringskabal og anna tøv har byrja roa seg. Samtidig er fokuset på politikk framleis godt til stades hos uvant mange. Kamikaze skildra for litt sia draumepartiet sitt, eg tek på ein måte opp tråden ved å rett og slett teikne opp "draumekursen...

4 minute(s) read

Korfor ikkje Venstre?

Okai. No er valet over, og resultata har synki skikkeleg inn. Eg er glad for fortsatt raudgrøn regjering, men misfornøgd med SV-resultatet, og over at høgresida styrka seg. Utan at noko av det er overraskande. Det einaste som verkeleg overraska meg var at Venstre sank under sperregrensa - eg hadde trudd at dei skulle gjera det skikkeleg godt i år. Personleg trur eg det er berre godt for dei. Det ryr inn...

2 minute(s) read

Eigentleg

Eigentleg burde nokon snart reise den prinsipielle diskusjonen om å ha rett på land. Koss rett har ei gruppe menneske til å ta eit stykke av jorda og definera den som si? Og, like fullt interessant, koss land vi "høyrer til" har vi ingen påverknad på sjølv. Tenk litt på det - særleg i desse tider.

1 minute(s) read

Nei og atter nei til datalagringsdirektivet

Det går for tida ein bloggstafett om å seia nei til datalagringsdirektivet. Saka er god og viktig. Eg har tidlegare skrivi litt om korfor, og det er særs viktig at dette direktivet aldri får bli norsk lov. No ser eg dessverre ikkje fleire mulegheitar enn eit veto, etter at EU-domstolen avslo saka frå Irland som kunne ført til at vi fekk vridd oss unna. Eg seier dessverre, for Arbeidarpartiet er som...

1 minute(s) read

Det räcker nu - avvis kuppet i Honduras

Vi trudde tida for militærkupp i Latin-Amerika var over. Pinochet er død, det er stort sett politisk stabilt og den kalde krigen er over - dermed mindre grunn til "our son of a bitch". Militærkuppet i Honduras no er derfor eit stygt gufs frå fortida. Heldigvis er det nokre ting som har endra seg sia 11. september 73, sia sandinistaane i Nicaragua vart kasta og for den del sia det...

1 minute(s) read

Nynorskhatet er typisk høgresidas egosentrisme

At høgresida - kanskje særleg ungdomsorganisasjonane - er populistiske på alle ikkje-økonomiske spørsmål burde ikkje overraska nokon. På den måten skjuler dei at politikken deira er ein gåvepakke til overklassen og tilsvarande katastrofal for resten av oss. Dette får jo ein del meir eller mindre artige konsekvensar. Dei køyrer på med framandfrykt, med bensinprisar og, som dei liker å dra fram i kvar skolevalkamp, nei til nynorsk. Dei kamuflerer...

3 minute(s) read

Det frie, demokratiske, vestlege Frankrike - ytringsfridomens høgborg

“Hou la menteuse” - “Oj, vilken lögnare” ! Så skrev 49-åriga hemmafrun Dominique Broueilh om franska familjeministern Nadine Morano på Dailymotions blogg i vintras. Tre små korta ord räcker för att hon ska bli kallad till polistationen. Dominique är nu åtalad för att offentligt ha förolämpat en politiker. http://www.aftonbladet.se/nyheter/article5320788.ab

1 minute(s) read

Streiken "rammar" deg ikkje, den hjelp deg

Media er kvar vår veldig glade i å skrive om "faren for streik" og "sånn rammes du av streiken" - som om streik er noko negativt. Og som om streik er negativt for alle andre enn dei som streikar. Dét er jo ikkje sant. Mange av dei rettane vi har i dag hadde vi anten ikkje hatt, eller fått mykje seinare, viss ikkje dei før oss satte hardt...

3 minute(s) read

Jens Stoltenberg, denne er til deg og dine likesinna

(les Snorre og Simen om korfor) Ni som tjänar på krig och på att människor dör Ni som tillverkar vapnen som slår ihjäl och förstör Ni som säljer gevären och kanonerna med Jag vet var ni finns och jag vet vem ni är Ni sitter bakom skrivbord i eleganta kvarter Och ni leker med världen som om världen var er Sen är det alltid...

4 minute(s) read

Personvern

Eg har den siste tida vori temmeleg opptatt av personvern, og i stadig større grad vorti uroa over utviklinga i den vestlege verda i dag, kor vi går mot stadig meir overvaking på fleire og fleire område av livet, og i stadig større del av tida. Vi fyller opp registre, filmar og bilder av oss blir lagra i hopetal kvar dag, og ved enkel krysskopling av eit par registre er det...

6 minute(s) read

SU best på fildeling

Den faste lesar vil hugse at eg tidlegare skreiv litt om mitt syn på fildeling, og litt om kva Høgre og Frp synes om det med det samme. Derfor gleder det meg skikkeleg at medan høgresida nok ein gong er heilt på jordet, kjem SU med eit vedtak som rett og slett berre er skikkeleg godt, og kor eg er einig i nesten alt. Da blir eg glad for å vera med i ein...

5 minute(s) read

Ikkje overvak oss, Sverige! - forslag til fråsegn frå SU - hjelp meg!

Eg har skrivi dette forslaget til fråsegn til Sosialistisk Ungdom sitt landsstyremøte som er no i helga. Eg er litt usikker på kor nøgd eg er, så eg håper på tilbakemeldingar frå dykk - anten i kommentarfeltet under, på twitter, mail eller kva for andre kommunikasjonskanalar de no vil nytte. Eg er takknemleg for alle innspel. Den såkalla "krigen mot terror" har førd til og legitimert ei rekke...

3 minute(s) read

Frp om fildeling

Eg skal gjera noko så sjeldant som å fritt sleppe til ein Frp-ar - om fildeling. Fremskrittspartiets kulturpolitiske talsmann, Ulf Erik Knudsen, er ikke i tvil. – Moral er problemet, sier han. ... - Jeg mener ikke at myndigheter og politi skal drive klappjakt på uvitende 14- og 15-åringer, men det kan virke preventivt om det plutselig dukker politi opp på døren hjemme hos noen. Da får disse et forklaringsproblem overfor sine foreldre, som igjen har...

1 minute(s) read

Piratpartiet, personvern og overvaking (eller: Derfor bør du ikkje stemme Høgre)

Første runde i Pirate Bay-saka er nettopp ferdig, og resultatet er at det svenske Piratpartiet har vorti landets fjerde største, og ungdomspartiet deira det største eller nest største. Og det er vel stort sett alt film- og musikkindustrien har oppnådd med denne saka, å styrke Pirate Bay og deira likesinna. Altså eit kroneksempel på koss det ikkje skal gjerast. Og det er veldig synd. Øyvind Solstad på NRKbeta har skrivi...

3 minute(s) read

Arbeidarpartiet og AUF

No er det landsmøte i Arbeidarpartiet, og dermed ein av dei viktigaste plassane norsk politikk blir skapa. For det er ikkje til å leggje skjul på at Det kongelege norske arbeidarparti har mykje makt over landet. Derfor er det interessant å følgje videostreamen og #aplm på Twitter. Og det fører jo til ein del interessante kampar, sia Arbeidarpartiet i mykje større grad enn noko anna norsk parti er politisk delt - mellom Stoltenberg-fl...

4 minute(s) read

Likestilling av skift og turnus - endeleg!

Søstre, kameratar: gratulerar! Dagens soleklare gladnyheit. No er ei av dei store feministiske kampsakene krona med siger! Forresten: abre har eit glitrande innlegg om religiøse (privat)skolar i dag.

1 minute(s) read

Kampanje for å få esperanto på NTNU - skriv under du òg!

I desse dagar har eg og Elias starta ein kampanje for å få esperanto som emne på NTNU. I denne samanhengen har vi starta eit opprop, og vi treng det vi kan få av støtte for å komme nokon veg. Derfor: Gjer oss ei stor teneste, skriv under du òg. Oppropsteksten: Vi vil ha esperanto som emne på NTNU! Esperanto er eit språk som verkeleg høyrer heime på eit teknisk-naturvitskapleg universitet som samtidig...

2 minute(s) read

Vi kan ikkje gjera alt samtidig

Venstresida får ofte kritikk for å fokusera veldig mykje på nokre få saker (typisk Palestina), mens vi bryr oss altfor lite om andre saker (typisk Kongo). Og det er det lett å vera einig i. Det fins mange, mange viktige, store saker som folk burde hoppe på barrikadane for og demonstrere, hyle, klage og kjefte over. Berre når det gjeld land som fortener mykje meir merksemd, kan eg nemne Vest-Sahara, Kongo, Sudan(/Darfur), Somalia...

3 minute(s) read

Til ungdommen!

Kringsatt av fiender, Gå inn i din tid Under en blodig storm- Vi deg til strid Kanskje du spør i angst Udekket, åpen: Hva skal jeg kjempe med Hva er mitt våpen? Songen som etter kvart har vorti ein del av konfirmasjons-syttande mai-osv-songrekka blant dei fleste nordmenn, Til ungdommen. Teksten er skrivi av den radikale diktar Nordahl Grieg, som ga sitt liv i kampen mot nazismen. Diktet er skrivi i...

3 minute(s) read

Kunsten å velje kampsaker

Senterpartiet har nettopp fronta ei uklar innskrenking av ytringsfridomen som ein viktig sak. I USA er det vanvittig viktig kva detaljert for religion politikarar har, og om dei tilhøyrar rett kirkesamfunn. Samme land har veldig mange som er absurd opptatte av at andre folk ikkje skal få ta abort, å få bære våpen døgnet rundt og at homofile ikkje skal få gifte seg. Eksempla på sære val av kampsaker er mange...

1 minute(s) read

Brannfakkel: Ja til kvotering!

Eg er blant dei som seier eit etter kvart soleklart ja til kvotering. Av fleire grunnar, dei to viktigaste er at det funkar og at kvotering skjer for fullt allereie, berre uformelt. Det funkar. Ingen av kvoteringsmotstandarane har hittil vori i nærleiken av å komme opp med noko som funkar like bra. Ikkje i det heile tatt. Eit eksempel: etter at loven om 40% kvinner i ASA-styra vart innføyrd i 2006, steig talet...

4 minute(s) read

Kva er eigentleg problemet, Morgenblad?

Viss ein løgn blir gjentatt mange nok gongar, blir han sann, heitar det. Eg har allereie tatt for meg "Mads Gilbert støtter terror", og no er det elles så anstendige Morgenbladet som kjem med rimeleg full skivebom. I ein artikkel kjem nemleg Marit K. Slotnæs med harde angrep mot Erling Fossen, Jostein Gaarder og Ali Farah, og meiner dei burde vori "beskytta mot seg selv". No har eg...

2 minute(s) read

Støtta Mads Gilbert eigentleg 11. september?

VG har i dag eit tosiders intervju med Siv Jensen, som lirar av seg mykje rart og i grunn skyt meir bom enn sjølv det ho vanlegvis gjer. Hovudbodskapen hennar handlar om lege Mads Gilbert, som saman med Erik Fosse har vori på Palestina og jobba og gjort ein kjempejobb på eit sjukehus i Gaza. Overskrifta i saka er "- Mads Gilbert støtter terror", og det verker som om ho i hovudsak...

3 minute(s) read

Snåsakaill meg her og snåsakaill meg der

Ein høyrar mas om "Snåsakailln" overalt og til eikvar tid i desse dagar. Mannen som visstnok har varme hender og kan helbreda kva det no enn skal vera utan å gjera meir enn å ta på folk. Og av ein eller annan grunn ser folk på denne mannen som truverdig og dyktig på eit heilt anna nivå enn andre healarar. Kanskje det er fordi han ser gamal og triveleg ut, eller fordi han...

5 minute(s) read

Vi høyrer, kameratar, at framande soldatar trampar på dykkar jord

Israel har lenge stoli meir og meir av Palestina. Heilt sidan landet vart oppretta i 1948, har dei utvida grensene sine meir og meir. Dei har stoli større og større delar av Palestina. Dagens Palestina er berre 11% av det dei var i 1967. Dei aller, aller fleste på palestinsk side har for lengst akseptert at Israel vart danna, og anerkjenner eksistensen til staten Israel, på trass av at dette landet vart plassert...

4 minute(s) read

Redd verda, no

«Men rætten har vi, den har du å itj dæm, på Forra som stille kjæm» Med nokre års mellomrom står det store miljøkampar der mykje står på spel, og miljørørsla legg heile si samla tyngde inn, ofte med «det norske oljeeventyret» som hovudmotstandar. Gasskraftverk på Skogn og Mongstad er dei nyaste eksempla, Alta-/Kautokeino-kampen for rundt tredve år sidan er kanskje kroneksempelet på saker der miljør...

8 minute(s) read

Gladnyheita: SU og opne standardar

Den erfarne blogglesar med god hugs vil hugse at eg i juli nemnde noko om ei opne standardar-fråsegn eg fremja til landsmøtet. No på sist landsstyremøte i organisasjonen vart ho endeleg vedteki, og alle nerdehjartar i organisasjonen gleder seg. Leslesles Med det same vil eg nytta høvet til å oppfordra alle som har nokre tankar om korleis ein god IT-politikk bør vera å fortelja dei til meg. Anten per mail...

1 minute(s) read

Afghanistan - kva bør gjerast?

Det finst menneske som trur på krig. Som trur at krig kan løyse problem, at krig er løysinga, at krig gjer noko som helst betre. At åtakskrig faktisk kan føra til noko lurt. Òg på sikt. Og at krig kan gi demokrati. Sorry, folkens, men demokrati kan ikkje bombast på plass. Eller skytast i gong. Eitkvart folkestyre må styra seg sjølv. Mange lang har, gong på gong, gått i den...

6 minute(s) read